Bokmål
«Eg hev høyrd om desilitermål, men kva slags idiot mæler bøker med eit bokmål?»
~ Ivar Aasen om Bokmål
Bokmål, eller meir presist, bastarddansk (òg kjend som Det Almindelige Bøgmål), er eit konservativt skriftspråk som er mest vanleg i hovudstaden Oslo og dei andre byane som ein gong på 1400-talet på feigt vis kapitulerte for 20 danske båtturistar på fyllatur. Bokmål liknar difor dansk, men med eit meir skrullete preg. Ein må difor vera observant når ein snakkar med menneske som grunna låg sjølvtillit prøvar å nærma seg det danske skriftspråket i talemål, dei vil uansett legning, høyrast ut som homofile (til dømes Jan Thomas og han gale mannen på trikken i går).
Bokmål er særs eigna til bruk i samanhengar der ein må produserte store mengder tekst med svært lite innhald. Det er også favorittspråket til personar med ein IQ mindre enn 75, og som av den grunn ikkje klarar å tileigne seg eit skikkeleg språk som til dømes norsk eller den betre varianten av bokmål - radikalt bokmål. Radikalt bokmål er eit steg i riktig retning og inneheld tre kjønn for substantiv og meir diftongar enn bastarddansk (som det skal vera). Diverre vert heller ikkje radikalt bokmål nytta i Oslo - det er like "bondsk" som nynorsk. VG, Dagbladet og Aftenposten er døme på slike feigingar. Her er det berre solen, jenten og klokken. Denne språkstriden finst òg her på Ikk(j)epedia. Eit døme på slik nynorsk- og radikal bokmål-angst kan ein sjå her.
Samanheng bokmål og oslodialekt[endre]
Ein må ikkje blanda bastarddansk med oslodialekt (eller såkalla oschlodialekt). Bastarddansk er eit dansk bastardskriftspråk. Oslodialekt kan meir samanliknast med engelsken til utlendingar, utøvarane ønskjer å etterlikna noko dei ikkje kan, etter kvart blir det ganske likt, men ein høyrer framleis aksenten. Oslodialekten skil seg difor frå andre danske dialektar grunna den påfallande norske aksenten, i tillegg til eit pinleg homofilt preg. Jaja, i aust-oslodialekten vert det no i alle fall nytta a-endingar...
Døme på litteratur skrive på bokmål[endre]
Det er ikkje skrive noko stor litteratur på bastarddansk. Henrik Ibsen var rettnok austlending, men han skreiv på rein dansk. Det var først etter Henrik Ibsen si tid at bokmål vitra til det bastardspråket det no er vorte. Dei største bokmålsforfattarane er difor:
- Kilroy, som har skrive "Kilroy was here", dette er bokmålengelsk dasslitteratur og seier mykje om kor dårleg stilt det er.
- Ari Behn, dasslitteratur, kjendis fordi han er i same venegjengen som Kilroy. Dei trefte kvarandre på danskeferja.
- Dagbladet, dasslitteratur, skriv ein følgjetong om Ari Behn og venane hans.
- VG, dasslitteratur, Skriv ein følgjetong om røyndomsstjerner.
Ordliste norsk - bokmål[endre]
Åtvaring: Bokmålsbrukarar hatar a-endingar og diftongar.
- Eg skal til Majorstua for å høyre korleis dei snakkar der - Jeg skal ta en liten tur til Majorstuen for at lytte til det dannede sprog der.
- Coca Cola - Cocen Colen
- USA - USen (eller "uniten")
- Alta - Alten
- Ein, ei, eit - en, en, et
- Vera - væren
Døme på sitat[endre]
Sjølv sitatmessig er bastarddansk eit fattig språk, her er likevel ei liste over dei mest populære sitata:
- "Kilroy was here!" - Kilroy
- "Bokmål må beskyttes mot påvirkning utenfra!" - Riksmålsforbundet
- "Nynorsk må bekjempes med krav utenfra!" - Riksmålsforbundet
- "Spynorsk! Grautmål!" - kvisete tenåring frå Oshlo
- "Eg snakkar bokmål!" - døme på bokmål tolka av bergensar
- "Det kjennes ut som en sten ligger i mitt ben, privat-chaufeuren min kunne ikke ta meg til Bekkestuen fra Majorstuen, så jeg ble nødt til å GÅ til Brogaten og bruke … *hikst* … kollektivtransporten" - "Den fine fruen på Frogner" som ville frå Frogner (Fjognej) i Oslo til Bekkestua utanfor Oslo.
- "Senenenene mine strekker seg på stenenenene mine" - frå bokmålsdikt, legg merkje til den overdrivne bruken av bokstaven "e". Grunna eit krav frå danskane, som eigentleg var meint som ein aprilspøk, vert stort sett ikkje dei hine vokalane brukt.
- "Hei serru serru hatten på snei serru serru hatten" - folkeleg bokmål.